MOR, I DAG ER DET DAGEN DIN
Av Catharinus Elling/ Anders Vassbotn
Mor, i dag er det dagen din, i dag skal handa di kvila! Ingen som deg eg i verda finn, ingen som du kunne smila! Mor, du hjartegode.
Mor, du hadde så mjuk ei hand Når mildt du turka mi tåre. Dronning du var i mitt alveland Engelen ljos imot fåre. Mor, mi fagre fylgje.
Mor, ver signa for kvar ein dag, Eg aldri minnet vil miste! Takk for ditt ovrike hjartelag, Takk du – til stunda den siste. Mor, Gud ævleg signa!